Paa tur med Kvinnherad Turlag til Bjellandsbu

Det er vel ingen hemmelegheit at eg likar og gå tur, det eg syntes er ekstra kjekt er å gå nye plasser i kommunen der eg ikkje har vert før. Sist tur eg gjekk til ein ny plass var Furubergsdalen med Kvinnherad Turlag, etter den turen vart eg anbefalt å bli med på den neste turen dei skulle ha. Denne turen skulle gå til Bjellandsbu, ei hytte designa av arkitekt firmaet Snøhetta. Sidan turen ikkje er t-merka, fant eg ut eg ville bli med på denne turen og.

Me starta eit lite stykke forbi Staffivatnet, der det heiter Storebjørnsli (er ei info tavle der og ein liten grusplass). Turen starta rett på med litt stigning, for så flata ut litt. Vidare var det meir vidde terreng med litt stigning her og der. Me hadde matpause ved Sandavatna, før me tok den siste etappen og enda ved Bjellandsbu. På veg til hytta hadde vi kryssa kommunegrensa, og var i Etne kommune. Hytta låg i eit fint område, og hadde eit veldig stilig design. Eg tok ikkje bilder inni hytta då alle ville inn og sjå i den, men ein kan sjå bilder her: http://snohetta.com/projects/180-bjellandsbu-akrafjorden-cabin

Alt i alt var det ein fin tur, me hadde og flaks med at det var opplett. Heile turen tok rundt 6 timar, inkludert pausar. Takk for turen til dei som var med, eg lar bilda tala for seg sjølv.

Posted on by teigas in Foto, Tur Leave a comment

Add a Comment