Categories
Tur

Paa tur med Kvinnherad Turlag til Varaldsoy

Det er vel ingen hemmelegheit at eg likar og gå tur, det eg syntes er ekstra kjekt er å gå nye plasser i kommunen der eg ikkje har vert før. Når Kvinnherad Turlag sitt 2018 program kom ut i vinter hadde seniorlaget eit par turar som kunne føra meg til nye turmål.
Den første turen skulle gå til Varden på Varaldsøy, ei øy i Kvinnherad kommune med rundt 200 fastbuande. Sidan dette er er ei øy eg aldri har vert på land på før frista dette veldig.

I går var dagen for turen kommen, vi samla oss i bilar i Rosendal og kjørte til Årsenes for å vente på ferja. Sidan ferja ikkje  alltid er innom Varaldsøy måtte vi først ein bonustur til Gjermundshamn, for så tilbake igjen til Varaldsøy. På Varaldsøy kjøyrde vi til ein plass som heite Fjellgardande, der vegvisaren vår Hildur budde, det var og her turen starta frå.

Turen starta først på eit lite parti med traktorveg før den gjekk inn i skogen, det var ein slakk stigning heile vegen oppover. Vi stoppa ein del på vei oppover og Hildur fortalte litt om Varaldsøy og turvegen. Stien var grei og fin å gå på, det var ein del plasser det var litt myrete, nokre plasser kunne ein unngå blaute parti for dei hadde lagt ut plankar. Eg blei våt på beina til slutt, så ta med gode sko om du vil ta turen. På toppen var det ein fin utsikt frå eit nytt perspektiv, dessverre bles det ein del på toppen, og det var litt hardt og disig fotolys, så vi trakk nedover litt for å eta nista vår.
Alt i alt var det ein fin tur, vi kan ikkje klaga for det var opplett! Eg legg ut litt bilder under. Takk for turen!

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.