Tur til Skeisfjell 1037moh

Eg har eit langsiktig mål om å forsøke å gå dei fleste tura eg føler er verdt eit besøk, som er t merka eller ikkje merka i kommunen. Eg har aldri vert på Skeisfjell i Rosendal, så det var eit fjell eg hadde lyst og besøkje. Fredag for snart to veker sidan fekk eg med Tørris og Ørjan på tur. Me starta innerst i Muradalen og tok stien opp til høgre mot Skeisfjell. Det var ein heilt ok sti til tross for den var litt blaut enkelte stader, den blei og litt bratt før me kom oppå platået over Muradalen. Når me kom opp på platået kom me ut av skuggen, å fekk sol og ein fin utsikt over Muradalen. Me forsette innover mot målet på ein heilt grei sti, no var det slutt på det bratte og det var meir kuppert innover. Vel framme på toppen som ligg på 1037 fekk vi utsikt over fjord og fjell. Det var kanskje litt meir innlands utsikt en eg hadde forventa, men uansett vert eit besøk. Etter litt niste på toppen bestemte vi oss for å gjere det til ein liten runde via Prestavatnet og Ringerike. Når me nærma oss Prestavatnet skar vi bare ned mot vatnet i lyngen i staden for å følgje stien. På vei nedover var det og ein veldig flott utsikt over Prestavatnet og Bjørndal, eg har aldri tenkt over kor stor ryggen på Malmangernuten er frå baksida. Vi hadde eit lite stopp ved familiehytta til Tørris og dei ved Prestavatnet, før vi gjekk ned på sida av Ringeriksfossen. Ringeriksfossen har eg gått stien ned og opp fleire ganger, men det er fasinerande kor bratt det er der ein må holda seg i tau og kjettig.
Alt i alt var det ein fin dag for ein tur til eit nytt turmål. Så får vi sjå kor neste mål blir, har du nokon tips til noko som er verdt eit besøk, så kommenter gjerne under?

Eg legg inn litt bilder under her frå turen:

 

Posted on by teigas in Foto, Tur Leave a comment

Add a Comment