Categories
Foto Reise

Italia Ferie Del 1 Acqui Terme

I år blei mamma 60 år og i den samanheng ville ho feira burdsdagen sin i Italia. Valet hennar falt på eit famili dreve hotel nær Acqui Terme kalla Cascina Marcantonio. Her er linken til det: Cascina Marcantonio.
Acqui Terme ligg mellom Milano og Torino i regionen Piemonte og Langhe vindistrikt. Me skulle bu på dette hotellet frå torsdag til søndag, før søskenbarnet mitt og eg skulle kjøre videre på ein liten tour de italia. For dei som skulle lure fauk vi med SAS til Milano, der me hadde leigd ein bil gjennom Avis, som me til slutt skulle levere inn i Venezia. Eit lite tips når det gjeld leigebilen, meld deg inn i Avis prefered det er gratis, og me slapp venta på dei minst 20 som stod før oss i køeen.

Den første dagen gjekk med til reising, henting av bil, og å kjøre til hotellet, pluss og lure på korleis Italienske skilt og bomstasjonar fungerte. Hotellet låg fint oppå ein ås med fin utsikt. Romma var veldig moderne og fine, og område rundt var og veldig fint, dei hadde og eit utendørs basseng. Hotellet hadde ikkje så mange rom, og var familie drevet, men det hadde og ein god restaurant, der me fekk frukost inkludert i prisen og åt middag alle dagane. Sidan me var så mange var det omtrent bare oss som budde der, men på kveldane kom dei fleire for å eta der. Hotellet låg litt øde til, så om ein ville sjå seg litt rundt, burde ein ha ein leigebil.
Eg hadde sjølvsagt med meg fotoutstyret, men hadde ingen forhåpningar om at det skulle bli mykje bilder, men eg ville no dokumentere litt. (Så feil kunne eg ta) Den første kvelden blei det ikkje noko spes solnedgang og farger dessverre. Eg bestemte meg for å stå opp til soloppgangen dagen etter, sidan ein kunne ta den rett utanfor hotellet. Eg hadde litt flaks med oppgangen denne morgonen, for det var litt morgon tåke. Eg tok stort sett dei fleste frå ein balkong, rundt bassenget og så vandra eg litt rundt i område. Eg kunne holde på ei stund sidan tåka blokka sola litt. Alle bildene er tatt med Nikon D850 – Nikon 24-70 og nokon har eg brukt nisi gradert filter på. Etter soloppgangen skulle meg og nokon fleire ta ein kjøretur til Langhe vindistriktet og sjå oss rundt, det kjem i neste innlegg.

Her er eit par bilder frå soloppgangen:

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.