Categories
Foto Reise

Italia Ferie Del 2 Tur til La Morra og Barolo

Etter eg hadde tatt soloppgangen utanfor hotellet, blei det frukost. Italiensk frukost er ikkje heilt slik som me er vant med her i Norge, dei har faktisk kaker og kjeks på bordet. På dette hotellet var det litt av alt, men mest typisk italiensk. Det var litt syltetøy, egg og kjøttpålegg også, så me klarte oss. Denne dagen skulle størsteparten av familien ta seg ein tur til byen Acqui Terme, eller ligge med bassenget. Eg hadde lest at me var rett på grensa til eit Unesco Verna landskaps område kalla Vineyard Landscape of Piedmont: Langhe-Roero and Monferrato. Sidan eg likar og ta bilder og sjå nye plasser var eg meir lysten på ein kjøretur til dette området. Søster mi såg at området også omfatta Barolo, der den berømte vinen blir laga, så då var ho og solgt, og onkelen min heiv seg og med. Eg innsåg tidlig at me ikkje hadde tid til å sjå alt, så eg fekk eit par namn på små byar som me burde køyre innom, av dei som jobba på hotelet.

Det første målet vårt, sidan me var turister var slottet Castello di Grinzane Cavour. Me skjønte tidlig når me starta og kjøra at det var ein grunn til dette område var eit verna landskaps område, det var vin rankar og små åsar over alt.
Me kom fram til slotte og tok ein tur gjennom det bare for å gjere det. Etterpå var det blitt tid for lunsj så alle utanom søster mi åt pasta, ho var litt dristigare en oss andra og tok noko ho ikkje visste kva var. Det viste seg og være ein rett med ansjos.

Etter lunsjen hadde me byen La Morra på lista, den var ikkje på besøks lista, men på foto lista mi. Den låg ca 15 min frå slottet, og me gjekk aldri inn i den. Me kjørte litt rundt for å finne den beste foto vinkelen, den var ned ein grusveg etter ein hadde kjørt gjennom byen. (Bildene kjem i galleriet under) Me fant ut på google maps at me kunne følgje grusvegen til endes og komme ut på hovudvegen igjen. På vei nedover stoppa me med eit skikkelig funky rosa bygg, som visste seg og væra ei kyrkje. Der var det ein enda betre vinkel for å ta bilde av byen La Morra også.

Alle dei små byane låg omtrent som perler på ei snor, så neste stopp var Barolo, der Barolo vinen kjem frå. Me kjørte forbi sikkert 20 – 30 Vineyard sale og farm skilt. Me stoppa over byen Barolo og tok eit bilde ned over den, det var verkeleg ikkje store byen. Me hadde tenkt og stoppa, men det var lite parkeringsplasser, så me måtte kjøre gjennom og snu ein gang før me kjørte inn på parkerings plassen til eit stor vinutsalg av Barolo. Der fekk søster mi handla seg litt vin.

Vidare forsette me til det siste stoppet for dagen, ein ny liten by som heite Monforte d’Alba‎. Eg såg det var ein gammal by del og noko som såg ut som ei kyrkje på toppen av byen, og tenkte eg måtte nesten ta meg ein tur opp der. Dei andre var starta å bli trøtte og blei igjen nede. Så eg gjekk oppover gamle gater, og blei litt skuffa når eg kom på toppen for utsikten var så som så, men gatene hadde sin sjarm. Etter dette kjørte me heim igjen samme vegen.

Me åt middag på hotellet, og når eg satt og googla litt etter fotoplasser på kvelden fant eg ut at det var eit utsikts punkt 15 min med bil frå hotellet, som kanskje kunne ha potensiale for ein soloppgang. Det var nesten blitt mørkt når eg fant ut dette, så eg heiv meg i bilen og tok ein liten tur for å sjå om plassen kunne fungere. Det siste bilde med solnedgang og ei lysande kyrkje er plassen. Eg bestemte meg for å teste plassen for soloppgang dagen etter, det kjem i del 3.

Her er bildene frå kjøreturen, det er mest foto dokumentasjon i hardt lys, men kjekt og ha vert innom dei ulike plassane. La Morra hadde vert nydelig rundt solnedgang.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.