Categories
Foto Reise

Italia ferie del 3 Soloppgang, vinsmaking og ein alt for stor italiensk lett lunch

No var me komme til den tredje dagen av ferien, denne dagen skulle me feire mor mi sin 60 års dag.
Før dagen starta såg eg mitt snitt til å stå opp veldig tidleg, for å prøve soloppgang med plassen eg fant dagen før. Det tok ca 15 min og kjøre opp der eg hadde sett for meg at eg ville forsøke. Eg hadde i utgangspunktet tenkt og stå ved vegen og ta bilder utover landskapet, men eg blei freista til å gå mellom vin rankene og sjå om eg fant ein betre plass. Eg gjekk innover dei og forsøkte litt ulike plassar, hovudproblemet var at dei var ganske så høge, så eg kom meg aldri over dei. Så eg forsette vidare innover, men det var rankar over alt. På veg tilbake mot vegen etter at sola hadde komme seg litt opp, fant eg heldigvis eit par røyr eg kunne stå på så eg kom meg litt opp over rankane. Det blei no nokon bilder, men trur kanskje eg skulle ha halde meg nærare vegen, men til tross for det blei eg no halvegs fornøyd. Eg blei nok mest fornøyd med det eg kom meg litt opp i høgda på.

Etter eg hadde komme meg heim, og me hadde fått i oss frukosten, så skulle vi på vinsmaking hos ein lokal produsent. Det var bare 15 min å gå frå hotellet, så alle spaserte ned. Merket heitte Marenco. Når me kom fekk me smaka på litt ulike vin sortar, og fekk ei omvising der dei laga den. Det var og eit gammalt museum der dei stilte ut gamle ting frå vinproduksjon. Når denne delen var gjort gjekk vi ut, for me skulle få sjå kvar druene blei dyrka. Omvisaren kjørte eine bilen og me fekk låna landroveren, me måtte flira litt når han kjørte på grusvegane, i kvar sving tuta han som bare det får å markere at her kom han. Eg måtte le litt når me kom fram, for det var same plassen eg hadde vert og tatt soloppgangen eit par timar før. Det var ganske interessant og høyra om korleis dei dyrka, og heile prosessen. For eksempel sel dei litt av avlinga til andre produsentar, for å få inn pengar der og då, i staden for å venta til årets årgang er utselt.

Til slutt på programmet skulle vi få bli med heim til omvisaren og kona, der me skulle få smaka meir vin og få ein lett italiensk lunsj. Når me kom fram såg me at det var ein flott herregard plassert med god utsikt nedover dalen. Vertane våre var meir en gjestmilde me starta me meir vin og så skulle vi få mat. Eg veit ikkje korleis italienarane tenkjer når det kommer til ein lett lunsj, men me fekk sjokk. Først starta det med noko ost og kjeks, så var det steinomns bakt pizza i store mengder, så kom det ein pasta rett, etter dette ein del frukt, så til slutt lurte dei på om me ville ha enda meir. Klokka var blitt så mykje at me takka nei til det, og starta og tenkje på returen, me skulle tross alt ha plass til bursdagsmiddagen på hotellet etterpå og. Sidan herregarden hans låg så fint til, måtte eg spør om eg kunne få ta soloppgang frå hagen hans dagen etterpå, det var ingen problem, så eg kjem tilbake til det i neste innlegg.

Resten av ettermiddagen gjekk med til bading i bassenget, og ein god bursdagsmiddag på hotellet.

Eg legg med litt bilder frå soloppgangen, og eit par bilder frå vinsmakinga.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.