Categories
Foto Tur

Italia ferie del 7 fjelltur rundt Dreiz Zinnen – Tre Cime di Lavaredo

Etter eg hadde tatt soloppgang ved Lago Di Braies var det på tide med frukost, Ole (søskenbarnet mitt) hadde og stått opp då. Me var ganske tidlig ute denne dagen for me hadde planlagt og gå ein kjent tur i Dolomittene. Dette var ein rundtur rundt tre toppar kalla Drei Zinnen eller Tre Cime di Lavaredo. (Alt har Tyske og Italienske namn). For vi skulle sleppe å ta ein shuttle bus, var det lurt å starte tidlig, sidan dei bare slapp x antall bilar opp til ein stor parkeringsplass. Det skulle ikkje være noko problem så lenge ein var tidlig ute, men me tenkte jo før jo betre.  Etter frukost kjørte vi i 40 min til vi kom til Misurina, ein liten landsby som ligg ved eit flott vatn, der tok vi av og kjørte opp til ein bom stasjon ein måtte gjennom for å få parkere på toppen. Eg trur det kosta 30euro, men huskar ikkje heilt, etter bomstasjoen gjekk det på opp til ein veldig stor parkeringsplass med ei hytte kalla Rifugio Auronzo. Det var ein god del bilar og bussar når me kom opp, men det var forsatt god plass til oss. Rifugio Auronzo som var start punkte låg på nett under 2300 høgde meter. Me var litt spent på om ein kom til å merke høgden på kondisjonen eller formen, sidan høgaste punkte på turen var rundt 2451 moh.

Turen starta ganske så flatt på fine breie grusstiar, det var ganske majestetisk sjølv for ein Nordmann og sjå fjella rundt, og dei tre toppane me skulle gå rundt. Det var ein del turistar som oss på stien, men me følte ikkje at me gjekk i kø. Etter ca 30 min kom me til den første hytta, her kunne ein kjøpa seg drikke og mat trur eg. Etter ca 1 time og 30 min var vi med den største hytta, der ein igjen kunne kjøpa seg mat. Eg hadde lyst å utforska litt meir, så me gjekk 20 min ein vei lenger bakover utanom den vanlige ruta for å sjå litt meir på utsikten bak hytta. Så blei det sjølvsagt rundt 20 min tilbake til hytta og hovedstien igjen. Med den store hytta kjøpte me oss verdens dyraste cola og sjokoladekake,  men den smakte godt.

Etter matpausen forsette vi på rundturen, no skulle vi gå litt ned i ein del der det var litt kyr som beita, før det gjekk litt opp igjen til vi til slutt kom til ei ny hytte. Her stoppa vi ikkje, men forsette bare videre tilbake mot bilen.

Eg huskar me spøkte med at det måtte være ein topp trent alpemann som hadde satt opp skilta på kor lang tid det tok mellom hyttene. Grunnen til dette var at når ein såg på tidene og følte ein gjekk i eit greitt tempo stemte tidene ganske bra.  Det var ikkje slik som her i Norge at det står det feks tar 4 timar tur retur, men ein klarer det kanskje på 3 .Det som og enkelte stader var veldig greitt var at det var parallelle stiar som førte til same hytter, bare at dei låg på litt ulike høgder i terrenget. Me var ganske heldige med været og, ingen regn og heilt grei temperatur, og litt skyer. Det var ein tur som var verdt å gå sjølv for Nordmenn som er vant med flotte fjell. Me merka ikkje noko spesielt til at me gjekk på over 2000 moh. Heile turen med avstikkar bak hytta og med pausane tok oss 4 timar og 15 min.

Eg hadde me det vesle Fujifilm kamera mitt, og tok litt bilder på vegen, det var ikkje noko veldig fotolys, så dette er meir turdokumentasjons bilder:

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.