Categories
Foto Reise Tur

Italia ferie del 5 Riva Del Garda, Val Di Funes og Lago Di Braies

Me starta dagen med frukost på hotellet i byen Riva del garda. Riva del garda er den nordligaste byen ved gardasjøen. Etter frukosten hadde me oss ein vandre tur i byen og såg oss litt rundt, me var litt turistar og gjekk opp i eit tårn med utsikt over byen. Etter me hadde traska rundt i byen avslutta me med ein pizza og litt is.

Denne dagen skulle me ikkje kjøre så langt så dagen før. Vi skulle kjøre ca 200 km og 2,5 time ca. På vegen oppover såg me at det bare blei ca ein time avstikkar og kjøre innom den flotte dalen Val Di funes. Her stoppa vi først med ein flott postkort utsikt, og tok litt bilder av ei kyrkje med ein majestetisk fjellvegg bak. I same dalen er ei anna kjent kyrkje, som eg ikkje var heilt sikker på kor låg, så me brukte litt tid på å finne den. Den var litt verre å ta bilder av, då bakken var dekka av strømgjære så ingen skulle øydellege avlingane til bøndene. Konklusjonen med denne kyrkja var at den blei mykje finare på avstand en tett på. Dessverre var ikkje fotolyset det nydelegaste, men sidan vi skulle videre mot Lago Di Braies tok eg det eg fekk.

I 5 – 6 tida kom vi fram til Lago Di Braies, dette er ein veldig kjent innsjø i Dolomittene som har fleire tusen turistar innom kvar dag. Her låg det eit hotell me hadde booka oss innpå heilt ved vankaten. Etter vi hadde sjekka inn tok vi oss ein liten tur ut og såg, sidan vi var der på ettermiddagen hadde det minka betraktelig med turistar. Eg skjønnar godt korfor så mange besøker innsjøen, den var veldig flott, med fjell rundt, og ein tursti rundt heile vatnet. No var tida komme for buffee middags som var med i prisen på overnattinga, eg rakk akkuratt å sluka den før eg gjekk ut for å forsøke og ta bilder av solnedgangen. Eg hadde forventa at eg måtte stå i kø med minst 50 andre fotografar, men der tok eg feil. Me var kanskje 7 -10 stk som satt i skråninga over båthuset. Det var litt folk som kom og gjekk forbi, men mykje mindre en eg hadde forventa. Himmelen blei aldri heilt magisk, men eg er glad me stoppa ei natt her så eg fekk sett plassen. I løpet av kvelden når me tok bilder blei det naturlig at me som satt i same skråninga satt og preika og venta på lyset, så det blei ein sosial og kjekk kveld. Denne plassen egnar seg og for melkeveifoto, men dessverre kom skyene sigande inn.

Her kjem ein el bilder, først litt frå Riva Del Garda, så Val Di Funes og til slutt Lago Di Braies.