Categories
Foto Tur

Bilder fraa tur til Fynderdalen og Pyttabreen

Eg har eit langsiktig mål om å forsøke å gå dei fleste tura eg føler er verdt eit besøk, som er t merka eller ikkje merka i kommunen. Eit par av turane har eg slått frå meg grunna lengda. Eg har lenge høyrt gjeteord om at Fynderdalen/Fønderdalen skulle være ein veldig flott plass. Så fredag for snart 14 dagar sidan i veldig flott vær tok meg, Mats, Jørgen og Ronny turen. Det stod på turomtalen at det var mulig og forsette ein god time etter Fønderdalen og komma til Pyttabreen. Sidan været var veldig flott fant me ut at dette måtte me og ta oss tid til. Det var ein flott dag på tur og Fønderdalen er ein plass som er verdt eit besøk. Eg lar bilda tala for seg sjølv og legg med ein link til Mauranger si nettside der det står korleis ein kjem seg til Fønderdalen.

Her finn det turomtaler: http://www.mauranger.com/friluftsliv/turstiar/