Categories
Reise Tur

Italia ferie del 9 eit herskapelig slottshotell

No var me komme fram til dagens hotell overnatting. Dette hotellet fekk eg tips om på eit Facebook gruppe om Italia. Det var eit gamalt slott som ligg over ein landsby. Når me kom fram køyrde me heilt opp til eit lite parkeringsanlegg, det var og ein skinnebane ein kunne ta frå ein lavarare parkeringsplass. Slotte såg ved første intrykk veldig flott ut, brusteinen opp til resepsjonen og inngangen såg veldig lovande ut. Når me sjekka inn fekk me vite at me var oppgradert til eit betre og litt større rom. Eg tok dessverre ikkje bilder av sjølve rommet. Alt var restaurert for å være noko lunde autentisk, så rommet hadde ikkje noko spesielt moderne preg og bade var bygd inn i rommet i ein stor kasse, så ein faktisk kunne gå rundt det. Rommet og sengene var meir en gode nok. Det var to resturanter på slotte, ein ala carte som ikkje var open på måndagar og eit pizzeria. Etter me hadde sett oss litt rundt på slotte gjekk me for å få oss mat. Det var tydeligvis ganske populært og eta på pizza resturanten, den var ganske så full, men det var god plass til oss. Me kjøpte oss kvar ein god pizza og fekk ein hyggelig beskjed når me skulle betale, denne dagen var det halv pris på maten, me klaga sjølvsagt ikkje på det.

Dagen etterpå stod me opp for å eta frukost, for å komme til frukost salen måtte me gå opp ei ganske så flott trapp. Sjølve frukost salen var fint innreia med gamle maleri, og som på dei fleste andre hotell me hadde vert på laga dei den kaffien du ville ha på bestilling. Me var først aleine under frukosten, men til slutt kom det ein anna familie som også var Norske. Dei pleidde bu nedi dalen, men hadde bestilt det beste rommet for ei natt så ungane kunne føle seg som prinsesser. Etter frukosten sjekka me og ut ei museum dei hadde i kjellaren, med gamle våpen og rustningar. Eg trur Hotellet og hadde eit svømmebasseng, og spa avdeling, men sidan vi skulle vidare til Venezia denne dagen, hadde vi ikkje tid til å sjekke det ut. Alt i alt var slotte eit flott hotell, som eg lett kunne budd på igjen,prisen var heller ingenting å sei på.

Her er heimesida til hotellet om nokon lurer: http://www.hotelcastelbrando.com/en?

Eg tok litt mobil bilder av området så eg legg under, legg også med eit frå hotell nettsida som viser det frå lufta:

Categories
Foto Reise

Italia ferie del 8 Kabel bane og fjellpass

No var me nettopp ferdig med fjellturen rundt Drei Zinnen som eg skreiv om i sist innlegg. Dagen var enda ung og me hadde eit par fjellpass me ville køyre gjennom, og ein kabel bane og teste, før me skulle ende opp på eit slott me skulle overnatte på.

Vi starta med og kjøre ned mot Cortina, der tok me av og kjørte litt av fjellpasset Falzarego. Me kjørte passet for me hadde  fått tips av ein Italiener, at det var ein kabel bane ein kunne ta for å få flott utsikt. Bilturen opp tok oss igjen gjennom flott landskap med mektige fjell. Når me kom til parkerings plassen til banen og søskenbarnet mitt såg banen, fekk eg beskjed om at den blei han ikkje med opp i. Det skal seiast at den gjekk ganske bratt oppover, og på slutten nesten litt loddrett før den stoppa på toppen.

Sidan eg hadde lyst å sjå utsikten kjøpte eg meg billett og tok turen opp. Sidan Ole venta nede måtte eg rekke banen ned igjen som gjekk 15 – 20 min etter eg kom opp. På toppen var ein på 2762 moh, og det låg ei hytte/cafe der. Det var og nokre tunellar som var brukt under 1 verdskrig ein kunne sjå på, men det hadde eg ikkje tid til. Eg tok ein liten tur bortover ein sti og såg meg litt om, det var flott utsikt, men  ikkje noko spes fotolys, men eg tok litt bilder for å ha dokumentert utsikten og turen. Til slutt begynte tida og gå frå meg og eg småsprang for å rekka banen ned igjen.

Vel nede i bilen igjen skulle vi køyre ørlite tilbake mot Cortina før vi skulle teste neste fjellpass, som var på veg mot slotte vi skulle bu på. Dette passet sitt namn var Giau Pass, topp punktet på vegen her låg på 2236 moh. Me hadde ein ørliten stopp på toppen, så eg igjen fekk ta nokre fotodokumentasjons bilder. Eg ser i ettertid at eg burde gått lenger bak i staden for opp mot eit fjell som låg der, men det var uansett eit flott pass og ha køyrt. Frå ein fotograf sitt synspunkt trur eg plassen kunne vert magisk i rett lys.

No nærma me oss slotte og me hadde bare eit pass igjen og køyre. Det siste passet heite San Bodlo Pass, og det var einvegskøyrt regulert med lys for  det er så smalt. Det bestod av 5 tunellar. Me hadde heile tida bilar bak oss så det var ikkje så lett å stoppe for å ta bilder undervegs. Eg filma med mobilen når me kjørte gjennom, så legger filmen under her. Etter passet var det bare eit par km igjen til Slotte vi skulle bu på for natta.

Her er videoen av passet, bilda kjem under den:

Categories
Foto Tur

Italia ferie del 7 fjelltur rundt Dreiz Zinnen – Tre Cime di Lavaredo

Etter eg hadde tatt soloppgang ved Lago Di Braies var det på tide med frukost, Ole (søskenbarnet mitt) hadde og stått opp då. Me var ganske tidlig ute denne dagen for me hadde planlagt og gå ein kjent tur i Dolomittene. Dette var ein rundtur rundt tre toppar kalla Drei Zinnen eller Tre Cime di Lavaredo. (Alt har Tyske og Italienske namn). For vi skulle sleppe å ta ein shuttle bus, var det lurt å starte tidlig, sidan dei bare slapp x antall bilar opp til ein stor parkeringsplass. Det skulle ikkje være noko problem så lenge ein var tidlig ute, men me tenkte jo før jo betre.  Etter frukost kjørte vi i 40 min til vi kom til Misurina, ein liten landsby som ligg ved eit flott vatn, der tok vi av og kjørte opp til ein bom stasjon ein måtte gjennom for å få parkere på toppen. Eg trur det kosta 30euro, men huskar ikkje heilt, etter bomstasjoen gjekk det på opp til ein veldig stor parkeringsplass med ei hytte kalla Rifugio Auronzo. Det var ein god del bilar og bussar når me kom opp, men det var forsatt god plass til oss. Rifugio Auronzo som var start punkte låg på nett under 2300 høgde meter. Me var litt spent på om ein kom til å merke høgden på kondisjonen eller formen, sidan høgaste punkte på turen var rundt 2451 moh.

Turen starta ganske så flatt på fine breie grusstiar, det var ganske majestetisk sjølv for ein Nordmann og sjå fjella rundt, og dei tre toppane me skulle gå rundt. Det var ein del turistar som oss på stien, men me følte ikkje at me gjekk i kø. Etter ca 30 min kom me til den første hytta, her kunne ein kjøpa seg drikke og mat trur eg. Etter ca 1 time og 30 min var vi med den største hytta, der ein igjen kunne kjøpa seg mat. Eg hadde lyst å utforska litt meir, så me gjekk 20 min ein vei lenger bakover utanom den vanlige ruta for å sjå litt meir på utsikten bak hytta. Så blei det sjølvsagt rundt 20 min tilbake til hytta og hovedstien igjen. Med den store hytta kjøpte me oss verdens dyraste cola og sjokoladekake,  men den smakte godt.

Etter matpausen forsette vi på rundturen, no skulle vi gå litt ned i ein del der det var litt kyr som beita, før det gjekk litt opp igjen til vi til slutt kom til ei ny hytte. Her stoppa vi ikkje, men forsette bare videre tilbake mot bilen.

Eg huskar me spøkte med at det måtte være ein topp trent alpemann som hadde satt opp skilta på kor lang tid det tok mellom hyttene. Grunnen til dette var at når ein såg på tidene og følte ein gjekk i eit greitt tempo stemte tidene ganske bra.  Det var ikkje slik som her i Norge at det står det feks tar 4 timar tur retur, men ein klarer det kanskje på 3 .Det som og enkelte stader var veldig greitt var at det var parallelle stiar som førte til same hytter, bare at dei låg på litt ulike høgder i terrenget. Me var ganske heldige med været og, ingen regn og heilt grei temperatur, og litt skyer. Det var ein tur som var verdt å gå sjølv for Nordmenn som er vant med flotte fjell. Me merka ikkje noko spesielt til at me gjekk på over 2000 moh. Heile turen med avstikkar bak hytta og med pausane tok oss 4 timar og 15 min.

Eg hadde me det vesle Fujifilm kamera mitt, og tok litt bilder på vegen, det var ikkje noko veldig fotolys, så dette er meir turdokumentasjons bilder:

Categories
Foto Reise

Italia ferie del 6 Soloppgang Lago Di Braies

Eg starta dagen grytidlig, mens Ole framleis sov. Sidan me budde på eit hotell rett ved kanten av Lago Di Braies ville eg få med meg soloppgangen. Eg stod opp å gjekk ut ei stund før sjølve soloppgangen, når eg starta var det omtrent bare meg og ein person til som var stått opp. Etter kvart som tida gjekk meir og meir mot oppgang blei det fleire og fleire folk, men aldri så mykje at det blei mange. I starten var det ørlite tåke og skyer, etter kvart kom det og ein del vind, som eg ikkje likte då det blei krusningar på vatnet. Etter kvart roa vinden seg ned så vatnet blei klart så ein fekk litt meir speil bilde. Dessverre blei det ikkje noko veldige fargar på soloppgangen, men det var no fint der uansett. På slutten kom og nokre backpackere eg blei kjent med på kvelden før. Ho eine skulle ha seg eit bad så eg fekk lov å ta eit par bilder når ho stod med ryggen til. Til slutt blei sola så sterk at det hadde ikkje noko for seg å ta fleire bilder, så eg gjekk tilbake til hotellet, for frukost. Denne dagen skulle meg og Ole kjøre vidare rett etter frukost, for å gå ein fjelltur.
Meir om det kjem i Italia ferie del 7 innlegget.

Her er litt bilder frå soloppgangen.