Categories
Foto Foto Tips Photoshop

Ny i blogg verden

Har lenge tenkt på å lage meg ein blogg, og etter mykje styr, har eg no endelig klart å få den nåke lunde ferdig. Begynte med å prøve meg på wordpress.com, og lagde den her. Men blei aldri heilt fornøyd med den, og det var litt lite muligheter for å legge til ulike ting. Så bestemte meg for å flytte bloggen til mitt eget domene, dette innebar at eg måtte benytte meg av wordpress.org. Her er ikkje alt så tilrettelagt som på wordpress.com. Så det var eindel å finna ut av.

Men eg har no etter mykje om og men funne ut av det meste, er eit par ting som irriterar meg i forhold til wordpress.com kontra www.wordpress.org. Det eine er at når ein la bilder i .com versjonen i ein blog post, blei bildene automatisk tilpassa, det gjer dei ikkje i .org versjonen. Skal skriva litt meir om fordelene og ulempene ein dag eg har bedre tid. Men ein plugin som gjer at ein får litt wordpress.com funksjonar heiter jetpack, den er å anbefala. I alle fall no har eg fått det sånn ca som eg vil, eit par justeringa igjen. Så no har eg lagt den ut så håpar eg folk vil komma med litt konstruktiv kritikk. Den er tiltenkt sånn at dersom ein trykker på menyen på dei ulike tinga som feks biler, natur osv, for du sjå ein del av dei bildene eg har tatt(som eg mest fornøyd med). Det var ikkje lett å velga ut desse bildene, eg er vel faktisk ikkje sikker på om eg har valgt ut rett bilder endo. På blogg delen ser eg for meg at eg skal skriva eindel om bilder eg tar, legga ut fototips, linka til fototips, og andre fotorelaterte ting og kanskje litt kva som skjer i livet mitt.

Kommenter gjerne under, og om du på høgre menyen legg inn epost adressa di, vil du få ein epost kvar gang eg skriv nye innlegg.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.