Categories
Tur

Tur til Alvaldsnuten 1245moh

For eit par veker sidan leste eg i Kvinnheringen at dei nylig hadde merka ein ny tursti til Alvaldsnuten 1245moh. Eg syntes det er kjekt og prøve ut nye fjellturar, og ikkje bare gå på dei same heile tida.

På lørdag var der meldt veldig fint vær, så meg og Mats fant ut at dette var dagen og testa turen på. Me kjørte opp til parkeringsplassen innerst ved Vetrhus. Me starta og gå eit lite stykke mot Eikemo, før det stod skilt til Avaldsnuten. Etter me tok av var det bare og følge kvite merker som var sett. Me gjekk eit godt stykke langs med vatnet der det var lett hei terreng, så etter kvart var det over på bare berg og stein. Det var merka med kvite merker og V merker, og det var litt vardar. Me måtte stoppe opp eit par plasser, då det ikkje alltid var like lett og sjå neste kvite merke med sola rett i fleisen, når det er sagt var det bra merka. Etter rundt 2 timar var vi på toppen, der var det dessverre litt hardt lys for bilde, men det var veldig fin utsikt mot Folgefonna, ned på Eikemo, Langfoss, Åkrafjorden, i det fjerne kunne me sjå Stord og Siggjo.

Det var ein kjekk tur i fint vær, eg trur ikkje eg vil anbefala nokon å gå turen når det har regna, for det var ekstremt mykje stein, og om dei hadde vert våte hadde det vert mange plasser ein kunne gått på tryne. (noko eg fint klarte på tørre steinar)
Det var veldig hardt lys, men eg tok litt bilder for å dokumentera turen. Bildene er tatt i mottsatt rekkefølge då eg starta å ta bilder på toppen, og forsette på heimvegen.