Categories
Foto Tur

Bilder fraa fellestur til Florli trappene og soloppgang

Lørdagen vakna vi til eit fantastisk vær i forhold til været vi hadde hatt dagen før til Preikestolen. Me gjekk ned i den gamle krafthallen der det var frukost, me fekk og smøre oss niste til turen. Dykk skjønner sikkert som eg skreiv i innlegget om fredagen overnatta i Flørli i Lysefjorden. Flørli er ei lita bygd på sørsida av Lysefjorden som er veglaus, og omtrent fråflytta. Det er pr dags dato 3 fastbuande. I bygda er det totalt 13 bustad hus, og ein Skule som no er blitt til pub. Husa var før i tida disponert av kraftverksarbeidarar.
Flørli er kjent for å ha verdens lengste tre trapp med 4444 trinn, trappa følger røyrgata til toppen som ligg på rundt 740moh.
Flørli har og vert på NRK programmet der ingen skulle tru at nokon kunne bu det kan du sjå her om du ynsker meir info : https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/dksf47000416/sesong-15/episode-4

Grunnen til at vi var i Flørli var sjølvsagt for me lørdagen skulle gå opp dei 4444 trinna og litt bakover i fjellet, og ned ein anna sti slik at det blei ein fin rundtur. Det såg ganske så bratt ut når me stod nede med starten av trappene, og det var eit stykke mellom kvar gang det stod at me hadde gått 1000 trinn. Ein kunne om ein ville gå av etter 777 trinn, det var det 2 stk som gjorde medan resten forsette oppover. Eg gjekk nesten heilt bak og tok litt bilder, for trappene var så smale at om eg stoppa måtte alle ha stoppa. Det var ein kjekk tur oppover, ekstra fasinerande var det å tenke på mens me sleitt at under anleggstida hadde dei bærera som frakta ting til toppen. Til daglig frakta dei på ein tur bar 80kg til toppen, og 80 kg halvegs. (litt anna fysikk den gangen). Når me kom opp på toppen satt me ei god stund i det fine været før me forsette på rundturen.

Når me kom ned igjen venta ein kjempegod middag med svinenakke, og dessert. Når vi hadde fått i oss middagen opna og skule puben, den var skikkelig stilig tillaga. Eg og Hilde hadde oss ein liten tur ut på eit nes i halv ni tida for å sjå om det blei ein bra solnedgang, men det blei bare ørlite rosa skyer og 4444 mygg.

Søndags morgen våkna eg i 6 tida og tenkte ja ja, det hadde no vert kjekt og testa soloppgang, så eg fekk på meg litt kle og tok ein tur på same neset. Der møtte eg i 7 tida faktisk 2 stk og snakka med, og ca 4444 mygg. Uansett var det ein veldig flott soloppgang. Eg kom meg tilbake til huset og me gjekk alle og åt frukost.  Når me hadde fått pakka så kom den same båten som kjørte oss inn og henta oss.

På båtturen heim skulle vi få litt sightseeing i Lysefjorden. Eg måtte nesten le litt når me kjørte inntil ein foss og fekk smaka vatn så dei henta med ei bøtta i fossen til nasjonalromantiske tonar. Me fekk og sett under preikestolen og litt andre plasser, det var kjempe fint vær så det var bare fint med ein is på dekk. Så var det ein dryg buss tur heim og snipp snapp snute så var eventyret ute for denne gang. Det var ei kjempe kjekk helg, og eg kan verkeleg anbefale folk og ta ei overnatting i Flørli, det var ein skikkelig flott plass, og dei som dreiv det hadde kjempe god service og god mat.

Her er bilder tatt i farten på vei opp trappa, litt solnedgang, soloppgang og eit par frå båtturen.