Categories
Foto

Tur til Eikemo med Kvinnherad Turlag

På onsdag hadde Kvinnherad Turlag ein tur til Eikemo. Sidan eg aldri har vert på Eikemo, men bare høyrt om plassen, fant eg ut at her måtte eg væra med.

Me starta klokka 9 på Utåker ferjekai, og samkjørte til ein kai inni Åkrafjorden. Her blei me frakta med båt over til Eikemo sida. For å spara litt tid fekk vi skyss i ei traktorvogn opp til Eikemostølen. Der fekk me god guiding og informasjon om Eikemo frå Gunnar Eikemo som hadde vakse opp der. Kåno hans hadde også laga gode lappar. Etter me hadde fått i oss litt lappar, skulle vi gå frå Eikemostølen og 5,5 km ned igjen til sjøen, for så bli frakta tilbake til bilane. Det var ein flott tur, og ein kjekk plass å ha vert.

For dei som vil sjå meir om Eikemo har der ingen skulle tru vert å filma der: https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2004/PRMR70000204

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.