Categories
Tur

Tur til Oksen 1241moh i Hardanger

Eg har i fleire år hatt Oksen i Hardanger på lista over fjelltura eg har hatt lyst å gå, men det har aldri blitt noko meir en med tanken. I sommar sporte Marianne ut av det blå om eg ville bli med ein tur, då fekk eg sparket eg trengte. Tidlig i August ein fredag kjørte vi frå Kvinnherad og inn til Tjoflot der turen startar, turen inn tar nesten 3 timar, så det er eit godt stykke og kjøra. Det var ein kjempeflott dag, men alt for fint og hardt lys for flotte bilder, men for å gå turen var det eit nydelig vær.

Turen startar på ein parkeringsplass over Tjoflot på ca 250 høgdemeter, sjølve toppen ligg på 1241moh.
Ein startar på ein traktorveg, som etter kvart går over til skogsti i skogsterreng. Når ein kjem ut skogen, kjem den flotte utsikten over fjord og fjell meir og meir fram etter som stie går oppover. Det er to bratte parti, eit litt i midten og eit ganske bratt parti litt før toppen. Når ein når toppen blir ein møtt med ein fantastisk 360 graders utsikt over Hardanger, der ein ser Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, og Gransvinsfjorden. Me hadde lest at om ein gjekk litt vidare bort til ein anna topp som heite Veten, fekk ein enda bedre utsikt. Me såg ei hytte og noko installasjonar når vi stod på Oksen, og såg at den stemte med retninga til Veten, sidan det var ein så flott dag, måtte vi nesten bort der og. Det var ikkje så langt å gå som vi hadde trudd, der borte var det etter mitt syn enda betre utsikt.

Når vi kom ned igjen blei me fasinert over eit kjøleskap der ein kunne kjøpa kald lettøl, brus, vatn og lettøl med vipps. Alt i alt var det ein flott tur, som er verdt å gå. Eg anbefala og ta turen når det er meldt bra vær, for utsikten er så bra at ein vil sjå mest mulig når ein først tar turen.

PS: ta med nok vatn, då det ikkje var tilgang på vatn frå bekkar.

Her er den offisielle turomtalen: https://www.hardangerfjord.com/ullensvang/aktivitetar-og-attraksjonar/oksen-p1075583

Her er litt bilder frå turen: