Hundsøyra

Tur til Juldalsknotten 1123moh med Kvinnherad Turlag

Eg har eit langsiktig mål om å forsøke å gå dei fleste tura eg føler er verdt eit besøk, som er t merka eller ikkje merka i kommunen. I fjor hadde Kvinnherad Turlag satt opp Juldalsknottane i turprogrammet sitt, men grunna dårlig vær blei den turen flytta til eit anna mål. I år hadde dei på nytt satt opp turen i programmet, til stor glede for meg, for dette var ein plass eg tenkte det var greitt å gå med nokon som kunne vegen.
I går var dagen kommen og været så veldig bra ut, det var einaste litt tåka. Me møttes i Rosendal for videre å samkjøre opp til Jukla, der starten for turen var. (Om du aldri har tatt kjøreturen opp til Jukla anbefaler eg det, der kan ein gå til Juklavatnet.) Turen starta litt før Jukla kraftstasjon, ved Markjelke, der står det eit skilt, for eit litt lenger tur mål som ein startar og følgje. Turen gjekk først litt opp mot Svartedalsvatnet og litt stigning innover før det flata meir ut. Det var eit heilt greitt terreng og gå i, men det er bare berg og lite lyng trur det ville vært ein del glatte berg om det hadde regna. Ein går forbi eit par flotte små dammar og pyttar langs vegen, med flott utsikt mot fleire deler av Folgefonna. Me følgde T vardane mot Hundsøyra eit godt stykke før me tok av mot Juldalsknotten. Me var plaga med tåke som kom og gjekk, stort sett gjekk med i sol over tåka. Etter 5,5- 6 km var me framme ved Juldalsknotten, eg hadde gleda meg til å sjå korleis utsikta var her, men dessverre låg alt under oss i tåke. Til tross for at me ikkje fekk sjå utsikta under oss, var det ein flott tur, og tåka lagar og fin stemning for bilder.

Om nokon lurer på og gå same turen ein gang vil eg påpeika at det er ikkje merka med noko skilt eller varda eller T merka mot Juldalsknotten, så ein må på eit tidspunkt ta av på retningen. Derfor kan det være lurt å gå med nokon som har vert der før, eller ha med seg kart eller gps. Det var stort sett små dammar og pyttar på vegen og lite rennande vatn, så ta med nok veske.  Det var veldig likt terreng og gå i, så dersom det vert dårlig sikt kan det være vanskelig og sjå neste varde eller t merka mot Hundsøyra.

Her er link til turomtalen på Kvinnherad Turlag: https://kvinnherad.dnt.no/aktiviteter/92286/849524/

Her er ein link til ruta mot Hundsøyra: https://www.visitsunnhordland.no/ting-a-gjera/tursti-til-hundsoyra-fra-markjelke-p895953

Me var 30 eller 31 stk som gjekk turen, og me brukte vel 3 timar inn ein veg, med ein god matpause på vegen inn. Det var ein flott tur til tross for tåka. Takk for turen til dei som var med, eg legg med nokon bilder eg tok på turen.

 

Posted on by teigas in Tur Leave a comment