Categories
Foto Tur

Bilder fraa fellestur til Preikestolen og Florli fredagen

I vår såg eg i intern avisa til Hydro Husnes at SØRAL bedriftsidrettslag skulle reise på fellestur til Preikestolen og Flørli. Dette var to plasser eg aldri før hadde vert og denne turen hadde eg veldig lyst å væra med på. Når eg skulle melde meg på var turen fullbooka, så eg blei nr 1 på ventelista. For tre veker sidan ringte dei og sa at det var plass til meg, for nokre hadde meldt seg av.

Turen starta sist fredag frå Hydro Husnes der vi hadde ein buss som skulle frakta oss ned til Preikestol hytta. Buss turen nedover gjekk veldig fint, med mykje latter til tross for at yr.no hadde meldt bare 0,1 mm regn, men det såg meir ut som det kom ned 10mm medan vi kjørte nedover mot preikestol hytta. Vel framme kledde vi oss om og la i veg, det gjekk 10 min så opna himmelen dessverre seg igjen. Stien opp til Preikestolen var veldig flott med mykje sherpa arbeid, det var ein ganske lett tur, så vi hadde ikkje mange pausar mot toppen. Oppe på toppen var det flott utsikt, og eg trur me hadde litt flaks, for   eg snakka med eit par på veg opp ,og dei sa dei ikkje hadde sett noko i det heile. Det regna ganske bra på toppen mens vi var der, noko som gjorde at det blei litt utfordrande og ta bilder utan og få vatn på objektivet. Eg fekk tatt ein del bilder før dei fleste var lei av regn, og ville gå ned igjen mot bussen. (Eg kunne sikkert vert der i nokon timar til). Når vi kom ned igjen til bussen kjørte vi til Oaneset der ein båt venta på oss. Båten måtte vi ha for å komme oss vidare, då Flørli plassen vi skulle overnatta er veglaus. Det var ein fin båttur innover Lysefjorden i vekslande vær. Etter vi hadde komme oss på romma i dei ulike husa me blei fordelt i, var det tid for middag. Middagen blei servert inni ein gammal kraft bygning og var veldig god, me blei der me åt middag til det var tid for å ta kveld. Det var ein skikkelig kjekk dag til tross for været. Eg skal skriva litt om Lørdagen og dei europas lengste tre trapp med 4444 trappe trinn i neste innlegg.

Her er litt bilder frå turen: