Categories
Tur

Tur til Botnabreen med Kvinnherad Turlag

7 August hadde Kvinnherad Turlag ein tur til Botnabreen. Sidan eg frå før har gått til Juklavatnet eit par gangar, å sett bort på Botnabreen fant eg ut at her ville eg væra med.

Me starta me samkjøring frå Rosendal, og samkjørte til kraftstasjonen ved Jukla. Her gjekk vi eit lite stykke på grusvegen til Juklavatnet før vi tok av til høgre mot Botnabreen. I starten må ein krysse ei lita elv så det kan være lurt å unngå perioder der det har vert mykje nedbør, eller ha gode sko med seg. Det var ein flott tur, og inne med brearmen traff vi og på ei gruppe som skulle øve seg på bre vandring. Eg lar bilda tale for seg.

Om nokon lurer på korleis ein går turen kan ein sjå her: https://www.visitsunnhordland.no/ting-a-gjera/tursti-til-botnabreen-p883363

Categories
Foto Tur

Paa tur med Kvinnherad Turlag til Bjellandsbu

Det er vel ingen hemmelegheit at eg likar og gå tur, det eg syntes er ekstra kjekt er å gå nye plasser i kommunen der eg ikkje har vert før. Sist tur eg gjekk til ein ny plass var Furubergsdalen med Kvinnherad Turlag, etter den turen vart eg anbefalt å bli med på den neste turen dei skulle ha. Denne turen skulle gå til Bjellandsbu, ei hytte designa av arkitekt firmaet Snøhetta. Sidan turen ikkje er t-merka, fant eg ut eg ville bli med på denne turen og.

Me starta eit lite stykke forbi Staffivatnet, der det heiter Storebjørnsli (er ei info tavle der og ein liten grusplass). Turen starta rett på med litt stigning, for så flata ut litt. Vidare var det meir vidde terreng med litt stigning her og der. Me hadde matpause ved Sandavatna, før me tok den siste etappen og enda ved Bjellandsbu. På veg til hytta hadde vi kryssa kommunegrensa, og var i Etne kommune. Hytta låg i eit fint område, og hadde eit veldig stilig design. Eg tok ikkje bilder inni hytta då alle ville inn og sjå i den, men ein kan sjå bilder her: http://snohetta.com/projects/180-bjellandsbu-akrafjorden-cabin

Alt i alt var det ein fin tur, me hadde og flaks med at det var opplett. Heile turen tok rundt 6 timar, inkludert pausar. Takk for turen til dei som var med, eg lar bilda tala for seg sjølv.

Categories
Foto

Bilder av Anne Kari

I går tok jeg et par bilder av Anne Kari, hun trengte et bilde av seg selv som skulle komme i en ny historie bok Bergen Turlag skulle skrive. Bildene ble tatt i hagen til Anne Kari rundt solnedgang.

Her er et par av bildene legg gjerne igjen en kommentar hva dere syntes om bildene: