Categories
Reise Tur

Italia ferie del 4 Soloppgang, brune sko, fjellpass og ein lang biltur

No var me komme til den fjerde dagen av ferien. Dei tre første dagane hadde me vert i lag alle saman, men no skulle meg og syskenbarnet mitt Ole Severin kjøre vidare for oss sjølv.
Når me var på besøk på ein vingard dagen før såg eg at plassen hadde eit fint utgangspunkt for ein soloppgang, så eg høyrde med eigaren om det gjorde noko om eg tok ein tur i hagen hans veldig tidlig på morgonen. Det gjekk veldig fint for han så rundt klokka 07.00 var eg på plass, og var ganske heldig med at det var litt tett tåke som kom og gjekk som la seg over dalen. Sidan det var så ekstremt fuktig ute grunna tåka, og eg hadde trakka rundt, såg eg når eg skulle til å setta meg i leigebilen at skoa mine var full i gjørme. Det hadde eg ikkje tenkt på mens eg vasa rundt, dette var og dei einaste skoa eg hadde med meg. Når eg kom meg tilbake til hotellet, fekk dei seg ein latter når eg sporte etter ein vask eg kunne vaska av dei. Dei fekk stå fint til tørking utanfor hotellet under frukosten.

Etter frukosten var det tid for den lengste kjøreturen me skulle ha heile ferien. Me skulle flytta oss rundt 580km frå sør vest Italia og eit godt stykke nord øst. Me hadde planlagt denne litt lenger vegen for me ville kjøre gjennom 2 fjellpass på vei til overnattings plassen vår.

Me starta med og kjøre eit godt stykke på dei fine motorvegane dei har i Italia, og passerte sør for Milano før me starta og køyre meir i nordlig retning. Det første målet vårt var eit fjellpass som heitte Passo di gavia som ligg på 2618moh. Me kjørte forbi ein del landskap, nokre innsjøar og ein veldig fin park som me stoppa i før me fant vegen til Passo di gavia. Dette passet trur eg ikkje er så kjent som det neste passet me skulle til, men det var på vegen så me tok det med oss. Det var ein ganske smal kjerreveg, meir vestlandsstandar på denne vegen, og nesten på toppen var det eit fint vatn. På toppen stoppa me ei lita stund og såg oss litt rundt.

Etter det første passet kom vi til Bormio der starten på det neste passet, som er meir kjent ligg. Dette passet heiter Stelvio passet og ligg på 2757 moh. Me starta her også og køyre oppover, her var det mykje meir s kurver oppigjennom sør fjellsida på passet. Me var vel med starten på passet rundt klokka 16 – 17 og det var ikkje så gale med trafikk då. Når me kom til toppen av passet stoppa me og tok oss ein tur opp på ein liten topp for å få litt betre utsikt. Der såg me og at nordsida var enda flottare. Når me stod og snakka norsk der oppe, kom det to stk frå Bømlo av alle plasser og slo av ein prat, verden er liten! Eg tok ein del bilder av passet til tross for at lyset ikkje var heilt som ønska, så bidene er meir for tur dokumentasjon.
På veg ned frå passet kjørte me forbi ei ganske stilig kyrkje og eg ropte sjølvsagt her må me stoppa. Det var starta og regna litt så eg sprang bort og skulle ta bilder. Når eg stod der smalt det høgaste lynet eg nokon sinne har hørt, og himmelen opna seg, så det vart ikkje så mange bilder av den, men eg fekk eit par.

No var me ferdig med det me ville sjå på vegen, og innsåg me hadde enda ein god del timar igjen før me var framme med ein by Riva Del Garda som låg i nord enden av Gardasjøen. Når me nærma oss litt fant me ut det ville bli for seint og ete når me kom til Garda, så me fant oss litt hurtigmat i byen Merano. Det er eg veldig glad for me gjorde, for på motorvegen ned mot Riva del garda regna det og tordna det så mykje at det var umulig og holde fartsgrensa. Det letta heldigvis opp når me nærma oss Riva del Garda. Me var framme i 22 tida, og gjekk omtrent rett og la oss på hotellet. Eg har lagt med ein del bilder for å visa turen.