Cheerleadere i Uskedalen

For gode tre veker sidan fekk eg med meg Alexander, Stian, Nicole og Christer på og ta bilder når dei dreiv med Cheerleading. Eg blei først kjent med Stian på Festidalen i 2014, når eg stod og tok konsert bilder, plutslig såg ei jente fauk opp i lufta over publikum, når eg såg dette tenkte eg WOW.  Eg bana meg vei nedover publikum, og fant til slutt Stian og tre andre. Dei fortalte at dei dreiv med Cheerleading og hadde vert på festidagen som instruktørar. Eg måtte sjølvsagt spørje om dei kunne gjere eit par triks til, det var ingen problem og det enda i dette bilde her:

For eit par mnd sidan kontakta Stian meg for dei skulle tilbake til Uskedalen no i sommar og ha ein cheerleading camp for ungar. Eg såg då mitt snitt til og høyra om dei ville væra med på og ta litt bilder ein kveld, om dei hadde tid mellom instruktør jobben på campen.
Det ville dei, så sidan dei budde på Uskedalen Camping tenkte eg det var enklast å ta bilder i Uskedalen. Eg sporte Magne Huglen om eg kunne få bruka bakken der Festidalen til vanlig er, det var ikkje noko problem.

Me starta gode 1,5 time før solnedgang og var heldige med været, me tok litt mot Ulvanosa og litt mot solnedgangen. Eg må sei eg var mektig imponert over kor flinke dei var, og kor høgt dei klarte å få Nicole opp i lufta. Eg brukte for det meste naturlig lys på dei fleste bilda, forutan eit par på slutten der eg brukte ein ekstern blitz.

Eg hadde ein kjempe kjekk kveld med dei, så veldig glad dei blei med, Eg må takka Magne Huglen for lån av bakken, og Madelein som var blitzholdaren min.

Her er bilda, legg gjerne igjen ein kommentar kva du syntes om dei:

Posted on by teigas in Foto 2 Comments

2 Responses to Cheerleadere i Uskedalen

  1. Thor Inge Døssland

    Tusen takk for at vi fekk bruke dei aldeles nydelege bileta på uskedalen.no.
    Eg har fått kjekke tilbakemeldingar frå begeistra lesarar!

     
    • teigas

      Tusen takk. Ingen årsak 🙂 Kjekt og høyra.

       

Add a Comment