Categories
Foto Reise

Italia ferie del 6 Soloppgang Lago Di Braies

Eg starta dagen grytidlig, mens Ole framleis sov. Sidan me budde på eit hotell rett ved kanten av Lago Di Braies ville eg få med meg soloppgangen. Eg stod opp å gjekk ut ei stund før sjølve soloppgangen, når eg starta var det omtrent bare meg og ein person til som var stått opp. Etter kvart som tida gjekk meir og meir mot oppgang blei det fleire og fleire folk, men aldri så mykje at det blei mange. I starten var det ørlite tåke og skyer, etter kvart kom det og ein del vind, som eg ikkje likte då det blei krusningar på vatnet. Etter kvart roa vinden seg ned så vatnet blei klart så ein fekk litt meir speil bilde. Dessverre blei det ikkje noko veldige fargar på soloppgangen, men det var no fint der uansett. På slutten kom og nokre backpackere eg blei kjent med på kvelden før. Ho eine skulle ha seg eit bad så eg fekk lov å ta eit par bilder når ho stod med ryggen til. Til slutt blei sola så sterk at det hadde ikkje noko for seg å ta fleire bilder, så eg gjekk tilbake til hotellet, for frukost. Denne dagen skulle meg og Ole kjøre vidare rett etter frukost, for å gå ein fjelltur.
Meir om det kjem i Italia ferie del 7 innlegget.

Her er litt bilder frå soloppgangen.

Categories
Foto Reise Tur

Italia ferie del 5 Riva Del Garda, Val Di Funes og Lago Di Braies

Me starta dagen med frukost på hotellet i byen Riva del garda. Riva del garda er den nordligaste byen ved gardasjøen. Etter frukosten hadde me oss ein vandre tur i byen og såg oss litt rundt, me var litt turistar og gjekk opp i eit tårn med utsikt over byen. Etter me hadde traska rundt i byen avslutta me med ein pizza og litt is.

Denne dagen skulle me ikkje kjøre så langt så dagen før. Vi skulle kjøre ca 200 km og 2,5 time ca. På vegen oppover såg me at det bare blei ca ein time avstikkar og kjøre innom den flotte dalen Val Di funes. Her stoppa vi først med ein flott postkort utsikt, og tok litt bilder av ei kyrkje med ein majestetisk fjellvegg bak. I same dalen er ei anna kjent kyrkje, som eg ikkje var heilt sikker på kor låg, så me brukte litt tid på å finne den. Den var litt verre å ta bilder av, då bakken var dekka av strømgjære så ingen skulle øydellege avlingane til bøndene. Konklusjonen med denne kyrkja var at den blei mykje finare på avstand en tett på. Dessverre var ikkje fotolyset det nydelegaste, men sidan vi skulle videre mot Lago Di Braies tok eg det eg fekk.

I 5 – 6 tida kom vi fram til Lago Di Braies, dette er ein veldig kjent innsjø i Dolomittene som har fleire tusen turistar innom kvar dag. Her låg det eit hotell me hadde booka oss innpå heilt ved vankaten. Etter vi hadde sjekka inn tok vi oss ein liten tur ut og såg, sidan vi var der på ettermiddagen hadde det minka betraktelig med turistar. Eg skjønnar godt korfor så mange besøker innsjøen, den var veldig flott, med fjell rundt, og ein tursti rundt heile vatnet. No var tida komme for buffee middags som var med i prisen på overnattinga, eg rakk akkuratt å sluka den før eg gjekk ut for å forsøke og ta bilder av solnedgangen. Eg hadde forventa at eg måtte stå i kø med minst 50 andre fotografar, men der tok eg feil. Me var kanskje 7 -10 stk som satt i skråninga over båthuset. Det var litt folk som kom og gjekk forbi, men mykje mindre en eg hadde forventa. Himmelen blei aldri heilt magisk, men eg er glad me stoppa ei natt her så eg fekk sett plassen. I løpet av kvelden når me tok bilder blei det naturlig at me som satt i same skråninga satt og preika og venta på lyset, så det blei ein sosial og kjekk kveld. Denne plassen egnar seg og for melkeveifoto, men dessverre kom skyene sigande inn.

Her kjem ein el bilder, først litt frå Riva Del Garda, så Val Di Funes og til slutt Lago Di Braies.